Utsjå Hyttegrend

- EIT FRILUFTSPARADIS HEILE ÅRET -

EIT FRILUFTSPARADIS HEILE ÅRET

Utsjå Hyttegrend ligg solvendt og vakkert til, med nydeleg utsikt. Tomtene er sør- og vestvendte, alle er solrike med kjempeutsikt – heile året.

Alle tomtene er sjølveigartomter, frå 750m2 til over 1500 m2. Rundt halvparten er godkjende for tofamilie-/generasjonshytter.

I Utsjå blir det lagt til rette for alle sine behov. Tomtene kan selgjast ferdig opparbeidde med veg, vatn og kloakk, samt elektrisitet, kabel-TV, telefon og internett. Hyttegrenda har ljos langs vegane.

Kontakt oss ved spørsmål og informasjon, eller for å avtale eit hyggeleg besøk på Utsjå.

OMRÅDET rundt

I området rundt Utsjå er det flotte moglegheitar for fiske, jakt, klatring, sykling, bærplukking, bading, padling, brett/ski, skøyting, turgåing og meir.

Ikkje langt unna ligg Gautefall Skisenter med mange nedfartar, akebakke, kulekøyring og snowboardpark. Lange, fint oppkøyrde langrennsløyper finnast i området.